Kinnaspelet laurdag 1630

Arrangementsinformasjon
Default kinnaspelet 2017



På speleplassen ved Kinnakyrkja opnar det seg ein scenografi med blått hav og høg himmel. Kinnaklova og den gamle kyrkja frå 1100-talet, rammar inn landskapet som spelar med i "Songen ved det store djup", og fortel ei meir enn 1000 år gamal dramatisk historie. Dette er teateret ved havet, så langt vest du kan kome i Norge - det er ei oppleving du sjeldan finn maken til. 

I tillegg til teaterstykket "Songen ved det store djup" kan du gå turar i storslått natur, få omvisning i den unike gamle kyrkja og høyre konsert der - eller sjå innom ei kunstutstilling. Men berre å kose seg og treffe folk, er ei viktig del av opplevinga på Kinn. I to kioskar kan du få kjøpe mat og drikke. Det er viktig med gode kle når ein skal sjå utendørsteater så langt vest i havet. 

______________________________________________________________________________

Det er ein båtreise på 25 minutt frå Florø og ut til øya Kinn. For dei som kjem frå Bergen tek turen om lag 3 1/2 time.

Dei som reiser med båt til Kinn frå Florø må møte opp på Fugleskjærskaia i god tid før framsyninga tek til. Vi tilrår at du er ute 2 timar før. Båtane går så snart vi har fylt dei opp med publikum. Dei som reiser til Kinn på eigenhand møter fram på speleplassen ved kyrkja. 

Det vert sett opp eigen båt frå Amtskaia i Kalvåg til denne framsyninga. Avreise frå Kalvåg klokka 1400. Retur frå Kinn klokka 1830. Billettar til denne turen må tingast på førehand. 

Det vert sett opp båt frå Strandkaiterminalen i Bergen til premieren laurdag. Kjøpes her.

Kinnaspelet vert framført av Sogn og Fjordane teater.
Musikarar og 170 lokale aktørar er med på spelet.
Spelet varer 1,5 timer uten pause.

Du finn meir praktisk informasjon på www.kinnaspelet.no



Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.